15.8.08

TEVLING

det går framover med utpakkinga, men spesielt fort går det ikkje. det er ikkje uventa, og det er heller ikkje uventa at far min, som på eige initiativ har utropt seg sjølv til ansvarleg for alt som har med data å gjera, slit med å få tilgang til internett heimefrå. av og til lurer eg meg inn på kontoret til besten, sikraste tidspunktet er under vestlandsrevyen, og då er eg travelt oppteken med heilt andre ting enn å koma med nye gladmeldingar på guffebloggen.

det vert difor lite nytt også i dag, men eg kan i staden by på ei spanande tevling. då mor mi pakka ut pappøskjene med krydderboksar, oppdaga ho til si store undring at der var dobbelt opp av nokre utvalde krydderartar. tevlinga handlar difor om krydder. mor mi fann fire boksar av eitt krydder, og tre boksar av to andre krydder. eg vil gjerne vita kva krydder det var snakk om.

premiar:
1. premie: tre boksar med koriander
2. premie: to boksar med basilikum
2. premie: to boksar med piffikrydder

4 kommentarer:

Anonym sa...

Eg trur det var fire bokser koriander, tre boksar basilikum, og tre boksar med piffikrydder.

guffen sa...

to av tre er ikkje så gale til å vera deg.

Anonym sa...

Fire boksar kanel, tre boksar allkrydder og tre boksar peppermiks.

guffen sa...

null av tre er ikkje så gale til å vera deg.