12.11.08

JOL

det var tider, det. nettene vert lengre, og det stundar igjen mot jol. det hastar difor med å fastsetja kva som skal vera temaet denne jola. biletet over er frå den sers vellukka kotelettjola for to år sidan, og sidan fleire av dei mest framfuse deltakarane frå det året skal vera samla også i år, kan det henda at ein kan semjast om eit interessant tema. i fjor var det homojol, men det var visst berre sånn delvis vellukka.

dette vert den fyrste jola i eit framand land, så det heile vert truleg så annleis at alle tema passar inn. kom med framlegg snarast råd.

11 kommentarer:

frode sa...

Tonsurjol?

kukola sa...

Tonjulsur?

guffen sa...

Eg trur det er ein jursjukdom, som i hovudsak rammar oksar i Slidre.

Ti over halv sekso sa...

Etter at mor mi klipte meg her om dagen, gjer eg framlegg om Dale-jol.

Aslak L sa...

eg føreslår:

puppejul

eller

nakenjul

eller

ikkje-vaske-seg-under-armane-på fjorten-dagar-jul

Kvart på sekso sa...

No har mor mi klipt meg litt på baksida, slik at eg trekkjer framlegget om Dale-jol. Det heile ser meir urbant ut no, men eg er ikkje komen heile vegen til Bergen - eg er truleg ein stad mellom Trengereid og Indre Arna. Korleis dette kan gjerast til joletema, er eg pikerten ikkje sikker på.

frode sa...

Hanekamjul?

guffen sa...

det hadde me i 1983, eller deromkring, og er det ei tid på året det er lurt å tenkja nytt, er det jola.

kukola sa...

Aslak sr.-sveisjul?

guffen sa...

for to år sidan var det framlegg om aslak l.-sveisejol, altså hentesveisjol. det vart nedstemt då, men kan gjerne hentast fram igjen no.

kukola sa...

Anar eg ei røysting her? Det var jo eit temmeleg klårt krav om at lesarane ville ha fleire røystingar.
Eit siste framlegg er og ein klassikar: bartejul der ikkje alle for melding før vetlejulafta.