12.1.09

KAKE

i dag er mor mi i perlehumør. den viktigaste grunnen er nok at ho endeleg har funne ei utdanning og eit fag som passar for ho. ho har, slik dei fleste veit, storkost seg som rådgjevar på husmorskulen, men det kan vera greitt å visa at ein òg har komplett kontroll på dei teoretiske sidene ved rådgjevinga. i dag vart omsider resultata gjort kjende, og ho fekk seg ein svak D, som tilsvarar noko som minner om siste karakter før stryk. ho er difor kjempenøgd, og meiner at ho no har prova for elevane sine at sjølv om du ikkje opnar ei bok før nokre dagar før eksamen, og sjølv om du bruker mesteparten av lesetida til å surfa på nettet og klaga over kor ekstremt keisamt dette faget er, kan du ha flaks og få ståkarakter. mor mi og onklT feirar difor med nokre napoeleonskaker dei kjøpte inn før jol, men som glei ned bak nokre pastaøskjer i matbua, før dei omsider kom til rette seint i går kveld.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Kva? Finst det ein annan måte å studere på? Er det ikkje slik alle gjer det?

guffen sa...

onklT har ved nokre høve eksperimentert med å ikkje opna bøkene i det heile.

Anonym sa...

Ein kjem eit godt stykke utan å skaffa seg bøker i det heile. Billegare er det òg.

Anonym sa...

Vi gratulerer mor di med ein flott A! Så det så.

guffen sa...

i lite skulerte miljø vert nok ein svak D omtala som ein flott A. slik er det ikkje i barnehagen min.

Anonym sa...

No synest eg me har venta lenge nok på synet ditt på Drillo som ny landslagssjefvikar.