5.1.09

BESTEN 25


ein kan seia mykje rart om jola. noko av det mest gledelege, sett frå synspunktet til guffebloggen, er at den nasjonale interessa for toppen bech ser ut til å ha dabba av. ei bloggemelding som var illustrert med eit smakfullt toppen bech-portrett fekk berre éin kommentar, medan ei bloggemelding som var illustrert med tre månar og ein halvmåne fekk 25. det er vanskeleg å tolka dette på annan måte enn at guffebloggen har fjerna endå ein kjendis frå fjernsynsskjermane, slik at utreinskingsstillinga no er 4-0.

ein kan altså seia mykje rart om jola, men det er vanskeleg å nekta for at det er ei god tid for å få nye motiv til den jamt over populære runden med besten-kommentarar. kva seier besten?

4 kommentarer:

Anonym sa...

Besten seier: Du, Guffen, mellom oss sagt: Karane i slekta er plaga av tidleg håravfall. Eg rår deg til å få i deg mykje B-vitamin.

Anonym sa...

Du Frode, mellom oss sagt: Hadde du hatt like gode briller som meg, ville du sett forskjell på Guffen og Halv Sjuo.

Anonym sa...

Besten seier: Ja, og så kan du byggje båsar oppe og, så då får du plass til endå fleire kyr! Sjå!

Anonym sa...

Besten seier: Og så kom den mellomste bukken Bruse.