skip to main |
skip to sidebar
JOBB
det sit langt inne, men samstundes er det vel ingen veg utanom: me må visst ynskja onklT til lukke med ny jobb. det er litt uklart kva det handlar om, sjølvsagt, men det verkar som om han skal pusla litt med biletarkivet til norsk allkunnebok. lukke til.
13 kommentarer:
Er det nokon av onklane dine som skal putla med Norsk Fåkunnebok? Eg berre lurar.
kukola har lenge samla stoff til norsk vankunnebok. det er det nærmaste eg kjem.
Det stemmer. Me har ei stund arbeidd med å leggje artikkelen om Fedraheimen ut på nett. Det blir i så fall det einaste oppslagsordet så langt. I køen ventar både "Frode", "jul" og "Kabul".
Kva med nasjonalpostkassa? Skal vi ikkje få lesa om henne i vankunneboka?
den artikkelen kjem truleg etter at nasjonalpostkassekåringa er over.
Artikkelen om nasjonalpostkassa låg faktisk ute ei stund, men me måtte ta den vekk sidan det var så mange som hacka den.
Blir fåkunneboka redigert på same måte som vikipedja?
Regigert og redigert, Fru Blom. Eg sa hacka.
låg ikkje den artikkelen i vankunneboka?
Jo, i nettbiblioteket til Aasentunet.
ah - aasentunet. for nokre humlepungar.
Akta munnen din, gut.
Ha.
Det sto i dag og tid at det var ein eirik helleve som skulle drive fåkunneboka. Han kunne heller ikkje svare på mange av dei vituge spørsmåla han fekk, så det lovar godt.
Så det at far din har fått seg jobb, det er nok noko han har skryti på seg.
Legg inn en kommentar