26.2.09

VINTERFERIE

det har vore relativt bra med surmuling hjå ekspertkommentatorane i det siste. det har fleire gonger vore peika på at guffebloggen slit med å gjera seg ferdig med jolereferata, men me ser endeleg slutten på dei no. bakdelen er at dei vert avløyste av referat frå vinterferien. den ferien er rett nok ikkje avslutta, men det er fare for at ein fort kan gå lei. livnar det i lundar på heimebane, er det ikkje måte på kor mykje lundane livnar på nordmøre.

me har vore rimeleg heldige med veret, slik at det ikkje har vore snakk om uteaktivitetar i det heile. me har i staden konsentrert oss om fjernsyn, mat, ein gal hund, ein runde innom samtlege butikkar i molde, ein visitt innom i den nesten ferdige villaen til besten og besto. så langt har me ikkje bada i lag med han med E, og det er vel fare for at det heller ikkje kjem til å skje.

16 kommentarer:

Anders sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Anders sa...

Ja da, ja da, du får heiderleg omtale og auka sitatindeks på BlixBlog for dette forsøket òg. Men kan du ikkje spørje om far din kan lære deg eit par nye salmar? Kva med "Synd og sorg er syskin-ord" eller noko anna oppmuntrande?

Anonym sa...

Oi! "fjerna av forfattaren". Kva er det Frode? Fekk du angst?
Om det er slik at denne nettstaden og skal bli brukarstyrt, så kan eg godt leggje inn ein kritikk av at jol er ein ting, og ferie er ein annan. Artiklar om jobb får tre linjer. Ein vinterferieartikkel som like godt kunne ha vore prenta i fjor for seksten gonger så mykje plass. Nei eg seier som ein annan skuletapar: Det går an å leve i kvardagen og.

guffen sa...

Det heiter òg, ikkje og.

Anonym sa...

Det heiter får, ikkje for.

Anonym sa...

Eg meiner det heiter silofôr.

Anonym sa...

Som evig skuletapar og hakkekylling bit ikkje dette på lengre. Det neste blir å seie at eg lagar ei sak av ei ikkje-sak.

guffen sa...

det heiter lenger, ikkje lengre.

Anonym sa...

Her seier vi "på langen", det var hylla over brøtet i løa der dei hadde kornet. Det har altså ikkje noko særleg og gjera med silofôr, mao ein dobbel feil, kukola.

guffen sa...

det heiter å, ikkje og. og er eit bindeord, og her er det ikkje lett å sjå nokre ord som treng samanbinding.

eg er elles uroleg over denne rettskrivings-utviklinga på guffebloggen. det var meir stas med jole-referat.

Anonym sa...

Bla, bla, bla.

Anonym sa...

Det heiter blad, blad blad for bladstyrarar.

Anonym sa...

er det ikkje eit komma meir i blad, blad blad? Og meiner du ikkje bad, bad, bad?

Anonym sa...

Nei nei nei.

Anonym sa...

det har vore relativt bra med surmuling hjå kommentatorkommentatorane i det siste. det har fleire gonger vore peika på at kommentatorane slit med å gjera seg ferdig med kommentarane, men me ser endeleg slutten på dei no.
Truleg ikkje ikkje ikkje.

Anonym sa...

Kjeften på deg, din kommentatorkommentatorkommentator.