8.3.09

80

det er godt kva som er gjort. i går var altfor mange folk samla til å feira at besten fylte 80. der var mange gripande talar, bra med songar, nokre dikt, og litt dans på bordet. fleire kommenterte at det var bra at besten heldt slike festar av og til, slik at folk kunne samlast omtrent kvart tiande år.

onklT og syskena hans hadde verkeleg lagt i selen, og stilte med mykje program. diverre øydela dei litt av det gode ryktet sitt, då eitt av innslaga, ein stramt redigert film, var på grensa til å vera vellukka. det skuldast truleg at tante K brukte mange av dei same knepa som gav ho oscar-statuett for beste film om danske diktarar for nokre år sidan. far min var lenge tiltenkt ei sentral rolle under feiringa, men, slik biletet viser, måtte han i staden kosa seg med oppvasken.

22 kommentarer:

Anonym sa...

Ja vel.

Anonym sa...

Dei som vil støtte Filtfondet kan sende meg 35,- snarast.

Anonym sa...

No har eg støtta filtfondet, men eg er litt usikker på effekten av tiltaket. Mottakaren på 943 97 998 virka usikker på kva det handla om då eg sendte 35,-. Er innsamlinga kvalitetssikra av Lotteritilsynet, eller kan det vera tale om Nicaragua-svindel?

Anonym sa...

Det er fyrste gongen i filtfondet at summen har vore såpass liten, det er grunnen til stussen. Her trur eg nok det er nokon som har rota litt. Det skal nok vere 350,-. Overskotet går til filtprodusentar i ECUADOR, ikkje Nicaragua. Sjå meir info på http://www.spel.aasentunet.no/allkunne/
(Eg har prøvd spelet, men det er ikkje noko særleg tess.)

guffen sa...

vert pengane frå filtfondet automatisk overført til festskriftfondet?

Anonym sa...

På ein måte. Det er meir eit slags pyramidespel, der pengane går via dei eine fondet og gjennom det andre utviklingsprosjektet, men endar til slutt hjå folkemusikk.no. Kva dei nyttar pengane til, veit eg ikkje. Noko nyttig er det uansett.

Anonym sa...

Vi i folkemusikk.no samlar opp slik at vi til slutt kan kjøpe noregs mållag. det er einaste måten å få dei interessert i resten av norskdomsrørsla på.

Anonym sa...

Kva er norskdom?

Anonym sa...

Norskdåm er sjølvsagt lyden av hardingfela. Kukola! Skjerpings.

guffen sa...

og norskdåmsrørsla er dei kjappe rørslene felespelarane gjer med høgrehanda? far min seier at i puberteten hadde dei eit litt anna ord for den rørsla.

Anonym sa...

Er du ikkje eigentleg litt ung for å vita så mykje om felespeling?

guffen sa...

her burde du presisert at det er frode du spør.

Anonym sa...

Frode. Kvifor roper du på meg? Eg har vel ingenting med Noregs Mållag å gjere. Dei veit jo ingenting.
Men eg har skrive eit dikt:

Eg likar felegnikk
Eg likar piknikk
Men spar meg for folkemusikk
postkasser, ferie og gramatikk

Anonym sa...

Eg har ikkje ropt på deg, kukola. Eg framførte berre utdrag av ein tradisjonell kulokk (altså folkemusikk og norskdåm) som går slik: kom kua, kola, kola, kukola! Kom kyre, smeitretryne, kua, kukola!

Du får trekke tilbake skuldingane dine, kukola.

Anonym sa...

Har ikkje skulda deg for noko, din humlepung. Eg berre siterte ein songtekst som storebror min skreiv i dei harde 80-åra:
Frode. Kvifor roper du på meg?
Frode. Kvifor roper du på meg?
Atomkrigen er snart på veg.

Det har meir blitt ei slags intern helsing der vestpå, men slikt kan ein jo ikkje rekne med at utflyttarar har greie på.

Anonym sa...

Det siste rimet får berre 10 piong av meg. Haltande rytme, trass i vakker start.

guffen sa...

frode: er det ikkje på tide at du svarar på spørsmålet frå kjesso?

Anonym sa...

Kjære Kjesso. Eg veit ikkje kor gamal du er, men høgst truleg har du høg kroppsleg alder og låg mental alder. Eg høyrer til den andre enden av statistikklina for dette fenomenet som kan reknast ut ved derivatet av E=mc2.
For å forenkle dette har eg funne fram eit tradisjonelt slåttestev med norsk dåm frå Voss.

Kjessokjetto, kjessakjetto, dansa nedover vossesletto.
Kjessokjetto, smeitretrynet, i høghela sko, med spenno poa.
-//-
Det siste ordet passa ikkje heilt, men det er eit vanleg problem med tradisjonsmusikken frå Voss.

Melodien kan de få av Aslaken, den einaste tradisjonsberaren i tjukkebygdi.

guffen sa...

don't change the subject

Anonym sa...

Piong til deg og.
Piong, piong, piong
Det kan fort bli ein ny song

Guffen. No når visse skribentar brått skriv under sitt eige namn, og frode brått outar guffen sitt verkeleg namn, er det ikkje på tide å ta nokre grep? Om hardingfela?

Anonym sa...

Outar Guffen sitt verkelege namn? Kva meiner du? Eg skreiv om Aslak Giljarhus, som så vidt budde i Tjukkebygdi ein gong i ungdomen.

Anonym sa...

Aldri høyrd om han. Eit fantasiprodukt, som alt anna du tek i.