20.5.09

BESTEN 27

det er vel fagre stunder når våren kjem innom. her om dagen kom han innom i vonheim, der dei i høve nasjonaldagen hadde eit drøymetilbod. tilbodet heitte 'nytt liv av daude gror', og dei som slo til, kunne eta så mykje dravle dei ville for usle 99 kroner. mor mi takka høfleg nei, men besten var relativt ustoppeleg. medan han tygg og tygg, kan me kanskje korta ned ventetida med å dra fram det vanlege spørsmålet - kva seier besten?

3 kommentarer:

kjesso sa...

Besten seier: "Eg snakkar ikkje med mat i munnen."

Anonym sa...

Besten seier: "Berre furt du. Eg har betalt 99 kronor - Cola inkludert. Eg skal sitta til dei stenger."

arnfinn sa...

Besten seier: "Kva er det du seier? Er det ikkje påfyll inkludert?"