17.5.09

NASJONALT

dette vart etter kvart andre bollar, sjølv om det ikkje såg slik ut før eg vakna. mor mi gjekk diverre på mange nederlag i dag. fyrst måtte ho finna seg i at både halv nio og eg gjekk med joggesko til bunaden. deretter vart ikkje onklT med på idrottsplassen for å høyra talen for dagen. tidleg på kvelden kom besto innom med litt dravle, og mor mi hadde ikkje vit til å dikta opp ein allergi, slik at ho laut trykkja i seg ein halv liter. alle andre i rommet tenkte på uttrykket om dei gode minene og det slette spelet.

nasjonaldagen er truleg på veg vekk frå det nasjonale, og inn i marknadsøkonomien. der er minst tre næringar som ville gå under viss nasjonaldagen vart avlyst nokre år på rad. den eine er sjølvsagt alle isprodusentane - ein kan knapt gå ein meter utan å møta ein ismann eller to. den andre er skokremprodusentane - eg kan ikkje hugsa sist eg såg slike mengder nypussa sko som i dag. den tredje er heliumballongprodusentane, som pøser ut ballongar i alle former og vinklar. her på voss hadde dei dessutan alliert seg med småflyklubben, som putra att og fram over sentrum, samla saman alle heliumballongane som steig til vers, og tok dei med ned att slik at heliumballongseljarane kunne selja dei ein gong til.

10 kommentarer:

kjesso sa...

Dravle ser ut som spy. Er det rart ein rømer bygda.

kukola sa...

Har de tv på bygda?

guffen sa...

berre svart/kvitt.

klingklang sa...

Var det kvit eller raud dravle? Det finst visst ei raud ei også, nemleg.

kukola sa...

men fekk de med dykk grand prix på bygda?

guffen sa...

kling: det er ingen som et dravle med opne auger, så eg veit ikkje kva farge det var.

kukola: spør frode. heime hjå oss såg me hovudscena på nrk2.

frode sa...

nei, eg var jo på scena, forkledd som han vesle med murke augebryn.

k sa...

Frode: gjekk det bra?
guffen: er det ikkje litt seint å angra på vossa-pakka no?
Kukola: må alle svar ha kolon i seg no?

guffen sa...

k: vossapakko: nei.
k: kolon? nei.

k sa...

guffen: OK