24.6.09

CUSTER

i kvitahuset går alt som normalt, bortsett frå at eg og nio må stappa i oss enorme mengder vaniljesaus til frukost, middag, kvelds, og litt innimellom alle måltida. i utlandet skjer det heller ikkje noko spanande:

(custer, sør-dakota - gpk): i dag var det travelt. mor mi og onklT var fyrst innom i ein dyrepark og kika på nokre store og små bjørnar. deretter delte dei seg, onklT for til fjells for å sjå på nokre skulpturar, medan mor mi vitja laura ingalls wilder-musea i missouri, minnesota, iowa og sør-dakota. det vart litt i meste laget til og med for ho, så då ho kom heimatt til motellrommet, var det ikkje anna å gjera enn å finna fram ei flaske raudvin og litt pottittgull.

me kan ferie.

5 kommentarer:

kjesso sa...

Skal de på ferie til Follyfoot til neste år?

guffen sa...

kjempeide. kanskje me greier det alt i år.

kjesso sa...

Follyfoot er spelt inn på godset til jarlen av Harewood, som er president i fotballklubben Leeds United.

Og utan at Dora visste det, hadde onkelen hennar ei løynleg karriere i teneste for Hennar Majestet.

Men eg kan alt ha sagt for mykje.

guffen sa...

visste eirik bakke om dette?

kjesso sa...

Nei. Det var mange som prøvde å fortelja han om det, men han kan som kjent ikkje engelsk.