8.6.09

FIRE

her om dagen høgtida eg fireårsdagen min med flagget til topps. mor mi hadde baka ei kake som var hakket større enn eg hadde trudd, og det kom rekande gjester frå fjern og nær. me rigga til eit høveleg festlokale ute på plenen, og brukte nokre timar på å gøyma ein del leiker, eta ein del kaker, drikka litt brus, eta mykje is, huska i huskestativet og pusla puslespel. det var ein retteleg stor dag.

det som truleg har større ålmenn interesse, er at han som bur i enden av vegen har meldt at han i løpet av dagen kjem til å koma med nokre detaljar om langeleiken han nyst har handla inn. han skulle gjerne kome med desse detaljane tidlegare, men då måtte han ha busett seg nærmare midten av vegen, der dei har postmoderne oppfinningar som breiband o.l.

17 kommentarer:

frode sa...

dette var gode og kukola-frie nyhende!

kukola sa...

Eg tviler veldig sterkt på alt det som står i denne saka. Flagget til topps? Neppe. http://guffen.blogspot.com/2009/05/livet.html

guffen sa...

flagget til topps er ein metafor. idiot. er du forresten interessert i sommarjobb?

kukola sa...

Ikkje om det har noko med folkemusikk å gjere.

frode sa...

ha, det er vel ingen som vil ha DEG viss det har noko med folkemusikk å gjere.

kjesso sa...

Det er vel ingen som vil ha deg heller. Uansett.

guffen sa...

her må eg arrestera deg, kjesso: frode har ståande tilbod om å trakka i siloen heime hjå onklT.

frode sa...

der ser du, kjesso. du er på tynn is, stuttjukken du er.

kjesso sa...

På tunn is midt på sommaren? Spar meg.

frode sa...

på tynn is er ein metafor. idiot. er du forresten interessert i sommarjobb?

kukola sa...

ikkje om det har noko med å oppdatere bloggar å gjere.

kjesso sa...

"Interessert i sommarjobb"? Kva er det metafor for?

guffen sa...

det er ikkje så nøye, berre det er ein metafor. idiot.

frode sa...

Kva er "det er ein metafor", metafor for?

kukola sa...

Det som ligg i siloen på garden til odelsguten.

kjesso sa...

Om ikkje odelsguten passar seg, er det han som ligg i botnen av siloen.

guffen sa...

kva for ein odelsgut er det me snakkar om? son til dodl?