13.6.09

POPULÆRKULTUR

ein gong i gamle dagar song salhuskvintetten "det skal bli andre bollar når papen kjem heim". dei er elles best kjende for slageren "besten sette potena her", men teksten om bollane og papen står likevel som eit høgdepunkt i nyare norsk populærkulturen. teksten om besten og potetene vert litt for sviskeaktig - det er greitt at alle likar sviskegraut, men å blanda inn poteter vert litt for pikant.

besten har no laga sine eigen variant av desse slagerane, og lever etter mottoet "det vert andre bollar når besten er heime". han har lenge sett seg lei på at besto ser for mykje på fjernsyn, og til og med snakkar varmt om fjernsynsserien "karl & co", så her om dagen var det ikkje anna råd enn å køyra fjernsynet til pisis. eg kjem til å tenkja på den gamle songlina om at "det brydder etter plogen" - eg veit rett nok ikkje kva ordet "brydder" tyder, men eg trur at den songlina passar bra her.

13 kommentarer:

frode sa...

Endeleg ei enkel kva seier besten-oppgåve. Besten seier: "det vert andre bollar når besten er heime".

kjesso sa...

Ung som du er, får ein tilgje at du ikkje er klar over at Salhuskvintetten (eller Olkalimabo som dei og var kjende som) sin mest kjende låt var "Gryta hennar mor", med "Singel og sand" som ein god nummer to.

kjesso sa...

Ooops, Olkabilamo skulle det vera.

frode sa...

Besten seier: Det spirer etter plogen, sjølvsagt. Ah.. har ikkje onkel T lært deg ein dritt?

guffen sa...

kjesso: dei er sikkert bra kjende for "gryta hennar mor" i populærkulturelle krinsar, men me i kultureliten ser vekk frå slike openberre makkverk.

frode: nei.

frode sa...

no var det vel faktisk besten som uttala seg

guffen sa...

insinuerer du at besten ikkje høyrer til i kultureliten? ta deg ein bolle.

frode sa...

er det besten seier-spalta, så er det besten seier-spalta.

guffen sa...

ingen har hevda noko anna. det ville jo vore rart viss besten seier-spalta var ei nasjonalpostkassekåring.

frode sa...

ha, ha. ja, det ville ha vore skikkeleg rart!!! :-)

guffen sa...

har farsotten med smilefjes nådd fram til valdres? velkomen etter, sirup.

frode sa...

vi kjenner iallefall tydinga av ordet "brydder". :-(

kukola sa...

Kven er besten?