
no i helga var det slektstreff på rondastovo, eit rundt hus inst på bordalen. her var nærmare to tusen slektningar samla (nærmare to tusen enn tre tusen), og det var difor eit stort logistisk problem å få avvikla canasta-cupen. store delar av tida måtte brukast til dette, før me endeleg fekk kåra ein vinnar (onkel A). bortsett frå det hende det lite av interesse, om ein då ser bort frå at tante M har fått ein konkurrent når det gjeld frekvensen på kostymeskift.
i går køyrde me heimatt til gamlevegen. køyrelengda denne sommaren var 2600 kilometer, altså litt over 2,5 rundar rundt ekvator.
3 kommentarer:
"køyrelengda denne sommaren var 2600 kilometer, altså litt over 2,5 rundar rundt ekvator"
Du meiner kanskje Equador?
nei.
Nei, vel. Men då er du dum.
Legg inn en kommentar