3.10.09

FERDIG!

mor mi runda førti år denne veka, og det vart feira med uvanleg mange gåver. dei mest rutinerte konditorane på gjestelista let òg vel over blautkaka, men det kan skuldast at dei hadde høyrt mykje rart om kaka som kom på bordet i fjor.

besto hadde like godt med seg ein sjølvlaga klokkestreng til gåve. dei av oss som ikkje har studert etnologi i oslo, og som difor ikkje har altfor store husflidskunnskapar, skjøna ikkje kvifor ho tok slik på veg, men utpå kvelden kom det fram at ho vart den fyrste som kom i mål: frå besto har ho no fått minst eitt eksemplar av alle husflidsprodukt som finst, inkludert nokre soppfarga selbuvottar. det er reint som det bugnar av husflid i heimen.

5 kommentarer:

frode sa...

kan eg få sjå eit mykje større bilete, så eg ser kva for noko dumt kukola har gjeve i gåve?

kukola sa...

Kva er oddsen for at noko av dette dukkar opp som jolegåve ein stad?

frode sa...

kvifor er ikkje anne viken ute og meiner noko om dette? ho meiner jo noko om nesten like mykje som kukola.

guffen sa...

anne viken har sommarjobb på audhild vikens vevstove, og er difor inhabil

Oddny sa...

Ser ikkje handlenettet frå Aasen-tunet her - og ikkje muffinsen heller - og koppane som står der liknar ikkje dei spesialproduserte som vart importerte frå Volda? Men ellers ser det ut som ho har vore heldig og fått mykje fint...