21.10.09

LYKLAR

far min er vekkreist, men melder at han har funne att reservelyklane til bilen til besten. alle detaljar er ikkje klare, men det må vera klart for kvar og ein at dei dukka opp på ein plass der ingen skulle tru at dei var.

dagen i dag har elles vore prega av at alt som kan røra seg i den norske mediaverda presenterer lister over kven som tener mest totalt, kven som tener mest i regjeringa, kven som tener mest i sogn og fjordane, kven som tener mest av folk fødde i 1980, osb. den einaste lista som manglar er kven som tener mest av dei mest profilerte målfolka. burde ikkje dette vera ei opplagt sak for norsk tidend?

9 kommentarer:

Kjartan Helleve, Noregs Mållag sa...

Det kjem ein parantes bak alle som gjev gåver i neste nummer.

kjesso sa...

Ein ventar alltid det uventa av Norsk Tidend. Der er ingen saker opplagte.

Kjartan Helleve, Noregs Mållag sa...

Kjekt å høyre!

frode sa...

kven tente mest av far din og brørne hans? det er vel ikkje "redaktøren"?

guffen sa...

det kjem romslege og truverdige oversyn i neste nummer av norsk tidend. du må henta fram tolmodet.

frode sa...

eg har lenge trudd at guffebloggen hadde som mål å iallfall vera tidlegare ute enn norsk tidend

guffen sa...

kor dum går det an å verta? konkurrera med norsk tidend om ferske nyhende?

Kjartan Helleve, Noregs Mållag sa...

Nei, sjølvsagt ikkje. Slagordet vårt er: Carpe per diem.

frode sa...

Meiner du: Per dier ei karpe?