14.10.09

SLEIV

i dag la far min og eg ut på ein uvanleg lang tur. me gjekk nedover langs husveggen, og kom heilt ned mot hjørna ved kjøkkenet. utanfor det eine kjøkkenvindauga såg me noko merkeleg. innimellom nokre livlause rabarbraplantar låg det tre tresleiver. dei var heller lite tillitsvekkande, og gjorde sitt beste for å skapa inntrykk av at dei hadde lege der ei stund.

vanskane med å tidfesta dette heilt presist gjer at det er vanskeleg å finna ein syndebukk. mange var innom på vitjing her i sommar - såg nokon av dykk noko mistenkeleg? eg vonar at nokon kan vera litt til hjelp her, viss ikkje er det fare for at eg som vanleg må leggja skulda på besten og besto.

dei tre sleivene er truleg innkjøpt på ikea, og har ikkje akkurat spesielle kjennemerke.

8 kommentarer:

kjesso sa...

Ligg dei der enno? Har du bilete?

Eg var der i sommar, og la merke til dette og hint. Men eg vil vera varsam med å seia for mykje før eg har fått meir informasjon.

Eg vil helst ikkje at uskuldige skal verta mistenkte, det kan henda det finst legitime forklaringar på oppførselen deira.

frode sa...

Kan dette vera resultatet av eit sleivspark?

guffen sa...

kjess: nei, dei ligg der ikkje enno. og nei, det finst ikkje bilete. viss du veit noko meir om dette, er det fint om du deler det med oss.

frode: get real.

frode sa...

eg spør heller anne viken

guffen sa...

ho har sommarjobb på audhild vikens sleivestove, og er difor inhabil.

kukola sa...

Blir sleivene rekna som ein del av odelspakka, eller er det fyrstemann til mølla?

frode sa...

slutt å sle(i)v(j)e etter arven, kukola.

guffen sa...

(i)v(j)?

eg trur det er fyrste gong dette smilefjeset er registrert på guffebloggen.