26.2.10

BAD


janei, vinterferien er nesten over, og det har vore skuffande få skader. ho eine frå oslo som er her vart rett nok spidda av ein skistav, og besten er rimeleg deprimert etter å ha vorte rundspelt i bondebridge, men elles har det vore uvanleg harmonisk.

kvart på elleveo, som altså stiller til nettmøte når det har kome inn nok spørsmål, tok difor saka i eigne hender. kva som eigentleg skjedde er litt uklart - det heile minner litt om eit lukka rom-mysterie. men det ser ut som om ho reiv halve dusjkabinettet til besten og besto over ende, prøvde å stoppa det med hovudet, slik at heile det halve dusjkabinettet vart knust.

alle gler seg over at her endeleg dukka opp ein skikkeleg vinterferieskade, slik at stemninga etter kvart vart uforskamma høg. dei som trur at dette er eit bilete eg har funne på internettet, kan spørja seg sjølv om der finst andre våtrom som på golvet har ei fillerye med solide svampe-eigenskapar.

2 kommentarer:

frode sa...

frode, finst der andre våtrom som på golvet har ei fillerye med solide svampe-eigenskapar?

kjesso sa...

Eg ser at ein ropar i skogen.