
me som var heime låg stort sett i sofaen og deiga oss heile tida. planen var sjølvsagt å sjå mest mogleg film, men sidan fjernsynet vårt gjekk til pisis, sleit me med å få gjennomført den planen. det er berre tjue år sidan mor mi kjøpte det apparatet, men likevel fekk me ikkje noko att på garantien. me lagra det difor i løa til naboen, og kjøpte eit nytt apparat. me brukte visa-kortet til mor mi, sidan onklT slit med å halda styr på sine. så langt har ho ikkje merka det, truleg av di ho ikkje snudde på skillingen i utlandet.
bortsett frå det har me stort sett gøymt oss kvar gong framandfolk ringjer på døra.
3 kommentarer:
Bruk og kast. Jaha, så det er det nye regimet?
nja, det er vel meir kast og kast. eventuelt misbruk og kast.
Eg skulle aldri ha varsla på førehand at eg kom på vitjing. Beklagar.
Legg inn en kommentar