20.6.10

TUR

vanleg samtale, ei heilt tilfeldig helg:
eg: mor, skal me gå ein tur i dag?
mor: ja, klart me kan det. i dag har eg lyst til å gå ein retteleg lang tur.

samtale laurdag føremiddag:
eg: mor, skal me gå ein tur i dag?
mor: ja, men eg må vera tilbake seinast klokka to. SEINAST KLOKKA TO! KLOKKA TO!!

far min fortalde meg seinare at i nokre få slekter er dette ein vanleg oppførsel dei dagane det vert vist kongebryllaup på fjernsyn.

elles går det meste av tida med til å pakka med oss alt me har, og koma oss vekk frå bygda før landskappleiken tek til.

2 kommentarer:

frode sa...

landskappleiken? Kva er det? Kappgåing? Vedkapptevling mellom Sverige og Noreg? Tiurleik for kappingar?

guffen sa...

ikkje spør meg. eg har kome meg vekk frå bygda før det tek til.