13.7.10

DANMARK

sidan sist har me vore ein svipptur innom danmark. besto fylte 80 år, og inviterte med seg rubbel og bit til ei veke på ein herregard i danmark. det var relativt flatt der me var. det let seg neppe gjera å referera den veka (og dagane etterpå) på anna vis enn å henta fram nokre godbitar frå det digitale kameraet.

privatsjåfør. besto slo på stortromma, og hadde hyra inn ein lokal sjåfør som køyrde oss både til og frå.

vinnar I. som vanleg når me er på ferie prøver me å finna ut kven som har den kjedelegaste sommarjobben i manns minne. han vaksne karen heilt til venstre på dette biletet stakk av med sigeren.
vinnar II. ei ny tevling dette året var mr. nelson-lookalike 2010. Matias får trekk for manglande hatt, men elles er det meir enn godkjent.
konsert. skal ein til danmark, er det vanlegvis bryet verdt å gå på konsert med dei lokale trekkspelorkestra.

film. dei som har sett filmen bugsy malone skjønar kva film desse prøver å etterlikna; dei som ikkje har sett den filmen skjønar det truleg ikkje.

4 kommentarer:

kjesso sa...

Eg, og sikkert fleire med meg, legg merke til at sjåføren både har raud lue og raud jakke. Er han kommunist eller noko slikt? Fagorganisert kanskje?

guffen sa...

han sa ingenting om politiske preferansar, men han mumla noko om ein bijobb som redaktør for ein mindre lesen publikasjon.

frode sa...

"pluss" for at du skriv om den lokale folkemusikken!

guffen sa...

det vil seia at eg er oppe i eitt "plusspoeng" så langt?