2.8.10

BYRKJELO

endeleg i gang med ein ny runde ferie. denne gongen fer me nordover. me reiser så fort me kan, slik at slekta på nordmøre endeleg kan koma i gang med feiringa av alle gebursdagane som har kome og gått sidan sist me var der.

onklT hadde lagt ein ambisiøs ferieplan denne gongen, og la ut på langtur utan trening. han hadde overtydd seg sjølv om at han var godt nok trent til å sykla heile vegen, men kom ikkje ein gong til toppen av vikafjellet før han fekk nok. der kom nokre regndråpar, og saman med ein lei dobbelsidig krampe i begge låra var dette nok til at han snudde, skamfull over at han måtte snu.

for mor mi var dette godt nytt. no tok onklT over rattet på "bilen", og slik vert det òg i morgon. ho kan difor kosa seg skikkeleg i fjernsynsstova på byrkjelo penjsonat, med litt pottittgull og raudvin.

me kan ferie.

2 kommentarer:

Kukola sa...

Framlegg til røysting: Kven gøymer seg bak namnet besten?
A. Kjesso
B. Frode
C. Besten
D. Onkel T

besten sa...

Eg synest kukola òg burde vera eit alternativ.