13.9.10

SKILT 1

i mangelen på interessante bloggeting hengjer me oss no på skiltmoten som rir internett som ei mare, og viser fram nokre godbitar frå nær og fjern. dette skiltet er frå voss, der dei ikkje er heilt sikre på kor mykje av overskrifta som bør repeterast i brødteksten, der dei ikkje er heilt sikre på kor mange angar det er i utgangen, og der dei ikkje er heilt sikre på skilnaden mellom ein heis og ein utgang.

3 kommentarer:

kjesso sa...

Kanskje dei vil at folk skal slutta å klatra ut vindauga, og heller ta heisen ned til resepsjonen og nytta utgangen der.

guffen sa...

meiner du utgangangen?

kjesso sa...

For min del kan dei anga av kva dei vil, så lenge dei ikkje klatrar ut vindaugaga.