13.6.11

SOMMARFEST

i dag var det sommarfest i barnehagen, og som vanleg var programmet noko heilt utanom det vanlege. denne gongen hadde dei tilsette funne ut at det var ein god ide om alle ungane kledde seg ut som figurar frå hakkebakkeskogen, medan me song "hanen stend på stabburshella". der er det jo ingen ord og uttrykk me slit med: hanen stend på stabburshella / bonden gjeve honom korn / rakkjen kvakkar i bergom nord / og julenissen bles i horn.

men det er mangt som vert klart så lenge festleiaren gløymer å slå på roperten, og i staden bruker det meste av taletida si til å ropa "høyrer de meg? høyrer de meg?"

1 kommentar:

kjesso sa...

Rakkjen kvakkar "Høyrer de meg? Høyrer de meg?" i bergom nord, hjuringen gjeve honom konn.