2.8.13

BESTEN 32


i bakgrunnen, like framfor garasjen, er der ei trapp. denne trappa førte tidlegare inn i eit hus, og der overnatta truleg sjølvaste ivar aasen våren 1846, då han var ute på språkreise. om nokre få dagar er det akkurat 200 år sidan aasen vart fødd, og dette vart markert med ei enkel samkome på tunet.

me spør som vanleg: kva seier besten?

27.10.11

3.10.11

AUKSJON

besten held fram moderniseringa av heimegarden. under eitt år etter at han kvitta seg med fryseboksen frå tidleg femtital, har han no like godt kjøpt seg ny bil. den nye bilen har firhjulstrekk, to lyskastarar og sentrallås, slik at han skulle vera midt i blinken.

slike bilar får ein sjølvsagt ikkje kjøpt gratis, så på vegner av besten lyser me no ut ein ny auksjon. sjølve bilen endar vel opp til spott og spe hjå ein vrakpantar, men me har sikra oss eit sett reservelyklar, og desse sender me med glede ut til høgstbydande.

26.9.11

BARNEHAGE 2


ein kan seia mykje rart om den nye barnehagen til tolvo, men dei har heldigvis gode løysingar for dei som korkje likar trolldeig, perling eller eventyrmåling.

21.9.11

NORDMØRSBESTO

nordmørsbesto har kjøpt seg mobil. ikkje uventa var det berre snakk om minutt før ho tok opp kampen med ho andre besto:

Har besøket ditt reist? Ei skal på seniortsin i dag.får er på sykehuset ennå. Kanskje han kjem heim i morgen eller fredag. Fint var . Har ete til middag om. Skal koke kafe å ha med på dansen.

19.9.11

BESTEN 42


han tenkte "ha! no tenkjer eg det vert slutt på all kivinga med bortigarden om kven som har dei blåaste billyktene". men kva sa han?

(dette er altså meint som ei god, gamal 'kva seier besten-oppgåve")

4.9.11

TELEFON

besto har nyleg kjøpt seg ny mobiltelefon, sidan det ikkje var råd å skriva punktum på den gamle. ho har gått over til nokia, sidan ho las i vekebladet familien for ein åtte-ti år sidan at nokia var den beste telefonen i heile verda.

ho prøver seg fram, slik ein gjerne gjer når ein har ny telefon. planen var å senda tekstmeldinga "dette er ein prøve" til tante K. det gjekk bra ei stund, heilt til den tredje bokstaven i det siste ordet. ho fann pikerten ikkje ø-en, slik at tekstmeldinga så langt såg slik ut: dette er ein pro. sidan ho ikkje anar korleis ho rettar skrivefeil var det berre ein ting å gjera - finna eit høveleg ord som tek til på pro. det fyrste ordet ho kom på var pronomen.
kva tante K tenkte då ho fekk denne meldinga, er så langt ukjent. men det er vel rimeleg stor sjanse for at ho undra seg over at pronomen brått var vorte eit hankjønnsord.