8.2.07

QATAR

dei siste dagane har eg eksperimentert litt med auge-qatar. dette er ein fysisk tilstand som gjer at det kjem honning ut av augene på relativt uventa tidspunkt. tilstanden fører med seg både godt og dårleg nytt - eg slepp å gå i barnehagen, men samstundes må far min vera heime, slik at det går litt opp i opp.

det er forresten litt merkeleg at nesten alle landa i midt-austen har sjukdomar oppkalla etter seg. qatar har auge-qatar, jordan har tannkostar - eg kunne halda på med oppramsinga til i morgon tidleg.

3 kommentarer:

frode sa...

såg du for lenge på grand priks?

Syver sa...

Rekorden min i smokkekast er framleis 2 meter og 30 cm. Utført på rygg, med bakoverkast. Kor langt har du kasta, Guffen? Du har jo foreldre som ikkje presterer noko på idrettsbanen.

Guffen sa...

frode: far min seier at det ikkje går an å sjå for mykje grand priks.

syver: eg kasta ikkje smokkane mine, eg åt dei. eg likte best dei med smokkesmak.