25.10.07

JOL

mor mi har trilla ut alt ho treng til joleverkstaden, og sikrare teikn på at jola nærmar seg finst ikkje her i huset. det einaste måtte vera dei gongene ho finn fram omslaget til CD-en No e D.D.E. jul igjen, og kikar på det ein halvtime eller to.

det er visst duka for nordmørsjol igjen. eg har ikkje høyrt noko om kva som skal vera tema i år, så eg går ut frå at det ikkje er fastsett enno. det er altså fritt fram for å koma med gode framlegg. sjølv har eg berre vore med på éi nordmørsjol, i 2005, og då var temaet lys og varme. far min var med på nordmørsjol både i 2003, då temaet var lys og varme, og i 2001, då temaet var lys og varme. mor mi seier at ho har gjort sitt beste for å gløyma jolene på 1900-talet, men ser ikkje vekk frå at temaet kan ha vore lys og varme då òg.

relativt få av nordmørsjol-deltakarane er spesielt aktive kommentatorar, så skal det verta nokon fart i dette ordskiftet er det fare for at dei som feirar jol på andre kantar av landet må koma med framlegg.

4 kommentarer:

OnklT sa...

Eg foreslår mørke og kulde.

Odd Bondevik sa...

Eg føreslår homojul

Frode sa...

Gjekk du ikkje Hallovin i går? Du kunne vel ha take med deg far din? Skulle ikkje ta lang tid å kle ut han.

guffen sa...

det skal ikkje mykje til, nei, men det er jo eit problem å finna supermann-drakter som er romslege nok rundt midten.