9.10.07

HALVÅR

i dag er det seks månader sidan ti på halv firo vart fødd. det er litt merkeleg, av fleire grunnar. for det fyrste har ho vist uventa lite progresjon desse månadene, slik at til og mor mi, som er fødd optimist, har mist trua på at dette kan gå bra. for det andre var jo ti på halv firo fødd på dagen 67 år etter den tyske invasjonen i 1940, og det er merkeleg at korkje nrk og tv2 markerer dette 67,5-årsjubileet. har verkeleg ikkje kringkastingsfolk respekt for krigssiglarane lenger?

elles går det på det jamne. sjokoladekaka mor mi baka til nokre til dels vellukka samkomer sist veke har framleis bein å gå på. det same kan ein trygt seia om far min, som alt er i kjempeform etter det puslete inngrepet sist veke. men han kvir seg for å ta eit oppgjer med norsk helsevesen, og har difor ingen planar om å avbryta sjukmeldinga ei veke for tidleg. tvert imot - kvar gong han går forbi eit vindauga, legg han inn nokre lite overtydande haltesteg, slik at alle som går forbi på gata skal få inntrykk av at han er sengeliggjande.

5 kommentarer:

OnklT sa...

Har du byrja å kalla far din for Halten?

kukola sa...

Har du byrja å kalle far din Kjempeformen?

kukola sa...

Kan du ikkje skrive meir om skatt?

"Banksjef Arveschoug i Vekselbanken betalte i fjor 939.089 kroner i skatt av en inntekt på 939.089 kroner. Det har han ingen problemer med.

– Vi har en del fellesgoder i Norge som jeg synes det er helt greit å dele regningen for. Jeg har en relativt høy skatteprosent, men synes det er rett og rimelig at vi som tjener litt mer også betaler mer."

guffen sa...

kukola: interessant historie, men frå no av kan du godt halda deg til hovudmålet.

OnklT sa...

Meir om skatting. Og skating.