1.11.07

HALLOWEEN

mor mi er i herpehumør igjen. edb-maskina heime må difor reparerast av folk med endå større teknisk innsikt enn far min, slik at alt tyder på at det vert lite blogging den neste veka. skilnaden til denne veka vert altså minimal.

i går var det halloween, slik dei fleste har fått med seg. eg er for alt som er amerikansk, så for meg er det berre positivt at ein byter ut gamaldagse og mosegrodde norsk påfunn som å gå jolebukk med toppmoderne og importerte amerikanske påfunn som å gå halloween. me hadde to grupper med utkledde dritungar på døra i går, og innsatsen deira er ikkje akkurat stor: dei stiller seg opp som nokre potetsekkar utanfor døra, seier "knask eller knep", og ventar på at me innom døra skal finna på eit eller anna. kritikarar vil hevda at det er meir naturleg at dritungane faktisk gjer nokre grep for å få litt knask, men det er jo berre tull. viss det var spelereglane, ville jo ikkje mor mi vorte kvitt rundt 35 sippah-sugerøyr.

av anna nytt kan me jo gle oss over at det i år vert homo-jol på nordmøre. det høver på mange måtar godt - ein ting er at eg finn mykje glede i dokker og rosa klede, ein annan ting er at no får besten ein god grunn til å finna fram ballettdrakta si. og med den høge frekvensen av hiv-positive i slekta, er det vel vanskeleg å sjå noko emne som kan høva betre.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Sidan 1999 er det heterosex som har vore den viktigaste spreiingsmåten for HIV-viruset i Europa.

Så dersom det er så mange HIV-positive i slekta, hadde det kanskje passa betre med heterojol?

guffen sa...

viss nordmøre ligg i europa, er det klart at du ahr eit halvgodt poeng. på den andre sida - viss det vert heterojol vert det vanskeleg for besten å forklara at han går i ballettkjole.

Anonym sa...

Naboenguten hadde eit godt knep. Eg stod og delte ut godis og så sa han at eg skulle lukke augene. medan eg stod der som ein annan idiot, knabba han meir snop ut av bollen. Elles gjekk det mest i å svinge rundt på ljossverd, og det er vel ikkje noko knep å skryte av.

Anonym sa...

Eg vil gjerne ha respons på kommentaren min i det føregåande oppslaget om at far din ikkje hadde måtte kle seg ut før han skulle gå hallobukk.

Anonym sa...

Onkel A meiner homojul er greit så lenge det inneber anlegging av homoskjegg.

Anonym sa...

Kor mange av dei hiv-positive i slekta er det forresten som har ednå større innsikt enn far din?

guffen sa...

far min meiner at det ikkje er spesielt mange som har større innsikt enn han, og at det ville vera eit merkeleg samantreff dersom desse skulle dukka opp i denne slekta.