2.12.07

BESTEN 19

det er fyrste sundag i advent. besten tek som vanleg ingen sjansar, og tek med seg nokre av dei mest dugande biotopane i slekta på ein prøverunde i skogen, for å sjå etter høvelege joletre. som vanleg stiller han ikkje andre krav til trea enn at dei bør vera nokolunde trekanta. dei finn eit passande tre, og besten seier at dette skal han henta når det stundar mot jol. tre veker seinare har han gløymt kva for tre det var snakk om, og finn i staden eit firkanta tre som står på eigedomen til naboen.

biletet over er frå prøverunden i fjor, og spørsmålet er som vanleg: kva seier besten?

3 kommentarer:

Anonym sa...

Besten seier: "...
Nei, eg kjem ikkje på noko.

guffen sa...

tilleggsopplysning, til dei trengjande: han med sixpencen heiter ikkje frode.

Anonym sa...

Besten seier: "Ledelsen i Chelsea kontrollerer ikke hva du spiser. Du kan spise hva du vil, drikke cola, absolutt alt. Jeg følger ikke den samme dietten som resten av spillerne i klubben."