17.12.07

GUFFEFILM 5


det er nye tider i filmbransjen. dei gamle heltane vert ofra, for at yngre krefter skal sleppa til. slik gjekk det med james bond, slik gjekk det med olsen-banden, slik gjekk det med king kong, og slik går det no med guffefilmane. den nye skodespelaren i hovudrolla er ikkje heilt utlært enno, men så lenge det er liv, er det von.

9 kommentarer:

Anonym sa...

Denne kombinasjonstolkinga med bok og bleieskift skulle eg ha likt å sett Guffen i. Eg trur ikkje han hadde fiksa det.

Kan du likevel gjera eit opptak der mora ikkje fniser hysterisk i bakgrunnen?

Anonym sa...

Som du veit har eg teke scenograf-utdanninga på Lillehammer, som var ei veldig nyttig utdanning som eg framleis har nytte av i det daglege arbeidet. Og her kan eg sjå at du som auteur har gått frå fest og leik til å skildre kvardagen, med klesstativet ståande der i bakgrunnen. Skiten realisme. Og Postmann Pat-boka så fint planta som ein inter-tekstuell referanse til tidlegare meldingar. Flott! Terningkast 2.

guffen sa...

kukola: ikkje lyg på deg utdanningar. alle veit at du gjekk melodrama-linja, og at du slutta i protest mot at dei andre i klassen ikkje ville vera med på å laga ein oppdatert verson av operasjon cobra.

Anonym sa...

Eg såg den igjen no. Det held berre ikkje. Terningskast 1.

Anonym sa...

Kan sjåarane få koma med ønskje om regigrep?

Eg vil gjerne sjå ein versjon med Guffen og jolenissen, der nissen spør om han skal skifte bleia.

Det blir ein slags kommentar til situasjonen i midtausten.

guffen sa...

eg trur ikkje guffefilmane bør verta meir politiske. og situasjonen i midt-austen fekk jo så hatten passa i guffefilm 3.

Anonym sa...

Til spalta: Spør Guffen.
Er det slik at far din er fritaken for å vera med å pynte til jol? Spør gjerne mor di.

guffen sa...

far min har fått fritak frå alt som har med jol å gjera, av politiske grunnar.

eg skulle gjerne spurt mor mi, men ho har ikkje tid til å svara på spørsmål før etter jol.

Anonym sa...

Guffefilm 598: guffen og kvart-på-too feirar jul, 2020: http://uk.youtube.com/watch?v=eJzj2yLwC14