30.12.07

REKLAMASJON

her er me på plass igjen, etter ei veke hjå besto og besten. det vart lite blogging der, sidan datamaskina til besto og besten har så mange merkelege idear. det går greitt å leggja inn kommentarar, men å skriva nye bloggeinnlegg er komplett uråd. eg reknar med at viktigaste grunnen til dette er at besten er redd for at besto skal laga sin eigen blogg.

jaja, jola er over, og det var ikkje rare greiene. her var det kalla inn til homojol, noko mange av oss sjølvsagt såg fram til. men fekk me det? nja. for vår del opna det relativt bra. me vart plasserte på det rosa rommet, men bortsett frå det var det få lyspunkt. eventuelle homodyslektikarar kunne gle seg over anisbollane besto serverte vesle jolafta, men det var og alt. alt me sat att med var difor kaker, gåver, og eit trekanta joletre - me snakkar altså om ein av dei traustaste jolevariantane som finst.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hæ? Tel ikkje det store innslaget av finklede og sang og dans som homoinnslag?

Anonym sa...

er det homofilt å danse? søren.

guffen sa...

tanteb: finklede og synging har ingenting med homojol å gjera. med ein slik logikk ville jo homoar hatt interesse av melodi grnad prix.

frode og søren: det finst knapt noko meir homofilt enn ein "mann" som dansar.