27.2.08

NORDMØRE

drøymehelga gjekk etter planen, slik det ofte gjer på nordmøre. ti på firo fekk skryt for at ho hadde kome seg, eg tok nokre traktorrundar med besten, far min angra på at me ikkje venta ei veke med turen, slik at han kunne fått handla litt bøker på sira gamle skule, og mor mi deiga seg i sofaen med nokre utvalde artiklar om kaker ho aldri kjem til å baka, lusekofter ho aldri kjem til å strikka, gamle damer som har pynta huset sitt til jol, og gladartiklar der dei har pressa fem-seks generasjonar inn på eitt og same bilete. besto stulla med sitt.

heime i volda viste det seg at der har kome nokre rotne eple i nabolaget. natt til tysdag hadde nokon brote seg inn hjå oss, og klint kattedrit under skorne til far min, skorne til mor mi, og skorne mine. ei stund var fem på firo hovudmistenkt, men dei generelle koordineringsproblema hennar gjorde at me lot bakar gå for smed. me tek gjerne mot tips i denne ufine saka.

11 kommentarer:

Frode sa...

eg trur nokon skal spørja kukola kvar han var natt til tysdag. eg har aldri stolt på han.

frode sa...

No har eg tenkt meg litt om, og eg angrar på den førre kommentaren. kukola er ein kjernekar som ikkje ville gjera ein katt fortred.

frode sa...

nei, etter nærare ettertanke er det kanskje best at ein først sjekker katten. Viss han er ok, ville eg ha sjekka alibiet til onkel t. han har sjeldan reint mjøl i posen.

guffen sa...

dette opplegget med å tenkja seg om før ein skriv, og med å introdusera nærare ettertankar, bør helst ikkje brukast på denne nettsida.

kukola sa...

Eg kom i tankar om Vandraren. Men så tenkte eg at det nok må vera Frode likevel.

kukola sa...

Eller vent.

kukola sa...

Jo.

Frode sa...

Eg tykkjer de skulle ta smeden likevel.

guffen sa...

mor mi har vaska skorne sine, eg har vaska skorne mine, far min har ikkje vaska skoen sin. viss ikkje frode og kukola vert samde om kven som har gjort dette ufine brotsverket, er det ikkje anna råd enn å dela skoen i to, og senda helvta til kvar. kven vil ha den nedste delen?

frode sa...

nei, no har eg prata med siv, og ho vil krevja ei uavhengig gransking av saka. ho seier det er skandaløst at guffen kunne kalle saka for roten og ufin, lenge før han sprakk i media.

kukola er forresten utan tvil ein fantastifigur som far din prøver å skremme deg med, litt lik fantomen, supermannen og smørbukk. mest lik smørbukk, eigentleg.

guffen sa...

viss siv meiner at eg sprakk i media, er det vel ho som er ein skandale. og i slekta mi er det far min som liknar mest på smørbukk.