13.3.08

NETTMØTE

nettmøtet er no avslutta. takk til mor mi som stilte opp utan å mukka. dei som vil friska opp att tidlegare nettmøte finn dei her (besten) og her (tante k). guffebloggen har altså ein kvinneprosent på minst femti når det gjeld nettmøte, og er såleis heilt i tråd med intensjonane til samferdsledepartementet. eg kjenner ikkje til konkrete planar for komande nettmøte, men tek gjerne mot framlegg på personar som kan vera aktuelle.

Eg har berre eit spørsmål: Korleis er bryllaupsmarsipanen i år? Klem, Frode
Det veit eg faktisk ingenting om, men du kan spørja far til Guffen.

Eg har eitt spørsmål til:Frå kva ende er det best å byrja å eta påskeegget; den spisse eller den butte? Klem, Frode
Dei fleste påskeegga er ikkje berre spisse og butte, men også flate på undersida, eller baksida om du vil. Dermed blir det også eit spørsmål om ein skal starte frå den flate eller en runde sida. Det beste er å legge den flate sida ned, og så starte frå den spissaste enden. Der er det mest sjokolade, iallfall gjeld dette dei sjokoladetrekte, halvflate egga. Klem, Mor.

Etter nærare omtanke, noko som vel framleis er lov, synest eg ikkje kukola skal skrive innlegg i namnet åt Frode med skrivefeil. For ein type, og han skal vera redaktør? Hmmm... Men gift skal han bli. Klem, Frode
Eg visste ikkje at Kukola skal gifte seg. Kvar skal det skje? Og når? Klem, Mor.

Eg elskar marsipan! Klem, anonym
Eg likar marsipan ganske godt, men ikkje alle typane er like gode. Anton Berg-egga er truleg dei beste, så kjem Nidar sin flate påskemarsipan, marsipanen i Twist-posen, og litt uti leksa: dei meir vanlege påskeposane og kolibriegga. Klem, Mor.

Kvifor finst ikkje jolemarsipanen som joleegg? Klem, Frode
Joleegg? Hallo! Kva kjem først? Jula eller påska? Julemarsipanen finst til dømes som hjarte, juletre og gris, medan påskemarsipanen har lagt seg på egg, sol og høne-stilen. Kvifor både jule- og påskemarsipanen satsar på ulike pølsevariantar er litt uklart. Klem, Mor.

Går det an å koke påskeegg saman med vanlege egg? Bør ein i tilfelle bruke egg frå frittgåande høner? Klem, ikkje Frode
Påskeegg kan du koke saman med vanlege egg, men påskemarispanegg ville eg ikkje ha koka. Eg veit ikkje så mykje om egg frå frittgåande høner, men trudde i grunnen dette skulle vere eit nettmøte om påskemarsipan. Klem, Mor.

Bør ein påskemala marsipanegg? Klem, Jakob Sande
Nei, det bør ein ikkje. Anton Berg-egga er alt måla, og dei fleste andre har sjokoladetrekk. Mange har dessutan kakestrøpynt i tilllegg. Det får halde. Klem, Mor.
PS: Er ikkje Jakob Sande død?

Kan ein dele opp ordet mars-i-pan og likevel skjøne kva det er Frode eigentleg snakkar om? Klem, kukola
Mars-i-pan er vel delt opp. Vil du dele det opp enda meir? Klem, Mor.

kan ein skjøna kva frode eigentleg snakkar om? Klem, guffen
Ofte er det vanskeleg å forstå kva både Frode og Kukola snakkar om. Du, Guffen, skjønar eg meg betre på. Klem, Mor.

Du voks jo opp i ein familie med notoriske marsipanhatarar. Korleis har det seg at du er så glad i marsipan no? Helsing far min
Hæ? Marsipanhatarar? Det var vel meir snakk om å dele den stakkars marsipanstonga i ein og annan twistpose i fem pinleg nøyaktige delar. Helsing Mor.

Korleis verkar prismekanismen inn på marsipanprisane? Autoklem, mor mi
Dette var visst eit spørsmål til meg sjølv. Eg lurer kanskje eigentleg mest på kva prismekanismen er, sånn generelt, men sidan eg snart skal seie opp jobben min, så er det snart for seint å finne ut av dette. Marsipanprisane er iallfall ofte halve frå midt i januar og i nokre veker, og frå rett etter påske og til uti mai. I butikkar på små plassar kan du finne restlager med utgått marsipan i ei oppstilt handlevogn mange månader etter den sesongen marsipanen var tiltenkt. I år vart det berre ein kort periode med halv pris på julemarsipan, og det er fordi påska kjem tidleg. Det har igjen noko å gjere med første fullmåne etter første søndag etter noko. Mor.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Sidan det vart reist spørsmål om når og kvar kukola skal gifte seg,vil eg berre få avsanne at han skal gifte seg i Roma. Han skal derimot gifte seg til hausten, på eit cruise i karibien, viss han ikkje i mellomtida har mista arbeidet i Norsk tidend og dermed forsørgjarevna si.

Anonym sa...

Dersom dette utviklar seg til eit nettmøte, vil eg gjerne få stilla spørsmålet om det er råd å dele opp ordet kar-i-bien og likevel skjøne kva det er frode eigentleg snakkar om?

Anonym sa...

etter nærare omtanke har eg bestemt meg for å svare som om det var eit nettmøte med meg.

nei.

men som undertekst i bodskapen over kan du lesa ut at heilt frode prøver å gjera narr av kukola

guffen sa...

nettmøtespørsmål til frode: kven er det du har utvikla nærare omtanke for?

Anonym sa...

eg svarar for heilt frode:

kukola sjølvsagt. den kloke, samvitsfulle mannen.

guffen sa...

eg trur du har gløymt ordet "helsing" før dei fire siste orda dine.

Anonym sa...

Det er det store og glupa
Kukola står om Froda stupa

Anonym sa...

http://www.na24.no/naeringsliv/article1686383.ece