6.3.08

PÅSKE

påskehøgtida er visst rett rundt hjørna. me skal visst til voss, seier far min, for å drøfta oppussing med ein snikkar og ein arkitekt som ikkje svarar på breva hans. mor mi er litt meir i tvil, ho kunne heller tenkja seg nokre rolege dagar på nordmøre, i godt selskap med nokre gamle vekeblad og ein gal hund.

eg og firo er for ein gongs skuld samde med far min, slik at alt tyder på at neste helg pakkar foreldra mine altfor mykje inn i bilen, før me køyrer sørover. det einaste som manglar er ei avgjerd på kva som skal vera temaet denne jola. det er heile ti dagar til palmesundag, så det skulle vera rom for mindre kirurgiske inngrep, dersom det vert aktuelt. me tek som vanleg mot alle former for framlegg.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Er det tradisjon i familien dykkar at tema for jola skal vera avgjort før palmesundag?

Eg visste far din var ein røvar til å planleggja, men dette imponerte lell.

Anonym sa...

Eg vil de skal ha oppe temaet om kor mange baderom de skal ha i det nye huset. 0,1,2 eller 3. Og bør det vera eiga baderom på foreldresoverommet. Mange interessante spørsmål.

Anonym sa...

Om ein kan kombinere solbading både i påsken og i sommar, så kunne kan hende hudproblem vore ein ide?

guffen sa...

pikerten. det vart litt mange skrivefeil i meldinga eg la ut. det handlar sjølvsagt om tema for påsken, ikkje for jola.

frode med skrivefeil, kukola, kukkola og frode=fred på vår klode står fritt til å trekkja innspela sine attende.

Anonym sa...

Kva med rettskrivingspåske?

Anonym sa...

nei, no er det nok. Guffebloggen er snart tynnare enn norsk tidend