18.3.08

PÅSKE

påskefeiringa er i gang, og så langt har det vore godbit på godbit. me er hjå besten og besto på voss, og me er ikkje akkurat heilt åleine. som om ikkje det var nok, går det rykte om at onkel k tek med seg hushaldet og kjem rekande, i alle fall om han får start på "bilen".

opninga av påskeveka har vore travel, med eit mangslunge program. me har til dømes drive litt med eting, litt med drikking, løyst ein del påskenøter og sett på ikkje så reint lite påskekrim. dei sprekaste i familien greidde òg å grina seg til ein skitur, men det vert truleg med den eine turen.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Det undrar meg ikkje at det berre vert ein skitur, så slapp familie som far din kjem frå.

Anonym sa...

Er det berre meg, eller er du over snittet oppteken av høgtider?

guffen sa...

eg har det etter mor mi. og mor til mor mi.