i går var eg på teater. eg trur det er fyrste gong noko slikt har hendt meg, og eg vonar det vert lenge til neste gong. stykket var karius og baktus, men i staden for å halda seg til det opphavlege tekstførelegget, altså romanen til torbjørn egner, hadde dei laga ein ny slutt der karius og baktus forsvinn ut av munnen til jens og ut på havet. for noko tull. eg vart reint trist der eg sat. viss det er slikt ein driv med på teater, kan dei ikkje rekna med at dei får meir av sparepengane mine. besto har vore her nokre dagar, slik at det vert litt skikk på hushaldet. ho vaskar opp og vaskar golv, og kokar graut og broderer litt makramé. mor mi har det travelt før kongen kjem i morgon, og far min klamrar seg fast til dei siste restane av krøplingkortet. i morgon skal han opererast, slik at det ikkje er mange vekene før han må ta den tunge vegen tilbake til det vanlege livet.