4.4.08

BOIKOTT

akkurat no er det visst boikott av ol i peking som er det heitaste avistemaet. nokon vil unngå boikott, nokon vil boikotta opningsseremonien, medan andre, mellom dei sjølvaste statsministeren, vil unngå alt som har med boikott å gjera.

sett frå den eine sida er det jo lett å vera samd med han. sist noreg boikotta ol, i 1980, var det ein rein protest mot at sovjetunionen hadde invadert afghanistan. så gjekk det 25 år, og så invaderte noreg afghanistan. det seier seg sjølv at dersom noreg boikottar ol av di kinesarane ikkje tek omsyn til menneskerettane, vil det gå 25 år før noreg gjer det same.

sett frå den andre sida er det jo dumt å ikkje boikotta noko, når ein har ein så god sjanse til å gjera det. kunne det ikkje gått an å boikotta opningsseremonien, og alle idrettsgreinene der noreg ikkje har med utøvarar?

4 kommentarer:

kapp-peikaren sa...

Heiter det ikkje "OL i peiking" på nynorsk? Og har Noreg utøvarar med der i det heile?

guffen sa...

godt poeng. og eg veit ikkje kor mange som stiller i peike-ol, men eg reknar med at der finst nokre bloggar med mange peikarar. kanskje desse kunne melda seg på, vera med på opningshøgtida, før dei boikottar heile greia.

Frode sa...

Kanskje Noreg burde invadera Tibet med ein gong i staden for å venta 25 år, når ein no alt har soldatar i dei traktene?

guffen sa...

ligg tibet like ved libanon?