4.9.08

STORPOLITIKK

det dreg seg mot valkamp igjen. me er komne til det stadiet i valkampførebuingane der alle partia legg vekk alt som minner om ansvarleg politikk, og i staden kjempar om å likna mest på framstegspartiet. her i heimen har no dei politiske kamplinene endra seg litt. i gamle dagar var grensene klare - mor mi røysta venstre, medan alle andre nytta seg av den røystesetelen med finast farge. etter at far min har vorte godseigar, ser han at det einaste partiet som verkeleg arbeider hardt, heile døgeret, for at landbrukstilskotet skal halda seg på eit altfor høgt nivå, er senterpartiet, så han har difor meldt seg inn der. berre han får kontakt med ho som er leiar i bondekvinnelaget, vert mor mi meld inn der på flekken.

mor mi er litt skeptisk til denne leflinga med bøndene, og kjem difor støtt og stadig med spitord om alle som held til i primærnæringa. ho har like godt alliert seg med leiaren i volda venstre. far min var i volda sist veke for å halda nokre endelause foredrag, og tok då inn i kjellarstova til leiaren i volda venstre. då far min skulle reisa, viste det seg at leiaren i volda venstre hadde vore så utkropen at han hadde gøymt mobil-ladaren til far min. far min tok kontakt med leiaren i volda venstre same kvelden, og leiaren i volda venstre lova å senda mobil-ladaren snarast råd. men det har han ikkje gjort, luringen, mest av di han har vore på jobb heile dagen, og då er det jo uråd å senda pakker med posten. far min er difor tapt bak ei vogn.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Far din har vore tapt bak ei vogn sidan lenge før mobiltelefonane, guffen.

Anonym sa...

Greier ikkje å lese så lange innlegg om venstre.

guffen sa...

greier du lesa langt innlegg om bodnepartiet? viss svaret er nei, er det fare for at du må finna ein annan blogg før valkampen vert endå meir intensivert.