18.9.08

TEVLING

for ikkje altfor lenge sidan lyste eg ut ei sånn måteleg interessant kryddertevling. responsen har så langt vore over snittet, men ingen har heilt rette svar så langt. no viser det seg at besto, truleg for fyrste gong etter at huset hennar vart bygd i 1969, har rydda i krydderhylla. ho har eit ope sinn, og er ikkje framand for å putta nye og gamle ting i brøddeigen, men ho sorterte likevel ut nokre kryddersortar som ikkje passa inn der. desse vart naturleg nok flytta over i nabohuset, slik at føresetnadene for kryddertevlinga er endra.

av krydderdublettar er der no seks boksar av eitt krydder, fire boksar av eitt krydder, tre boksar av fire ulike krydder, to boksar av eitt krydder, og fire pakker med buljong. spørsmålet er omtrent som sist gong - kva krydder og buljongar kan dette vera snakk om? flisespikkarar bør merka seg at ordet boksar i denne meldinga òg kan tyda glas eller posar.

premiane er:
1. premie: fem boksar cayennepepar
2. premie: tre boksar koriander
3. premie: to boksar basilikum, to boksar spisskumin, 2 boksar karri, og to boksar ingefær
4. premie: ein boks piffikrydder
trøystepremie: tre pakker grønsakbuljong

8 kommentarer:

Anonym sa...

Eg tippar det er snakk om seks boksar müsli, fire glas eller posar fyringsolje, tre boksar med situp, tre boksar med hundekjeks, tre boksar med tran, tre boksar med sagflis, tre boksar med noko gult, to boksar med små skruer, fire pakker med ulike typar buljong, og ein boksar med blåveis.

Anonym sa...

Kva tyder då ordet "pakker"? Det er jo greit å vite den eigentlege verdien av trøystepremien, for ein som ikkje har von om å vinne førstepremien

guffen sa...

frode: tett på, men eg trur du bør vera litt tydelegare når du skriv "tre boksar med hundekjeks".

kukola: pakker tyder presangar.

Anonym sa...

Trrreeeee booooooksssssaaaaaarrrrrr mmmmmmmeeeeeeed huuuunnnnndekjeeeeeeekssssss.

guffen sa...

nei, eg skjønar det framleis ikkje.

Anonym sa...

http://www.rics.org/NR/rdonlyres/59C2C586-D41F-429F-9286-4BD6FF332133/0/tree.jpg

https://www.forcefieldmagnets.com/catalog/images/cat_book.jpg
(http://it.stlawu.edu/~rkreuzer/pking/peter1.jpg - http://farm3.static.flickr.com/2328/2230931381_4c9c24505f.jpg)

(http://www.wisconsinhistory.org/pressroom/photos/archives/oww-blacksmith.jpg - http://www1.istockphoto.com/file_thumbview_approve/1174947/2/istockphoto_1174947-ace-of-diamonds-playing-card-vector-illustration.jpg)

http://img.metro.co.uk/i/pix/2007/06/elwoodAP_450x363.jpg
http://www.erowid.org/library/books/images/book_of_e.jpg
http://www.retthjem.no/images/shop/small/118173.jpg

Anonym sa...

Kvar er knappen for upassande innlegg?

guffen sa...

meld frå til info¤talik.no