9.10.08

ITALIA

far min og mor mi var altså i italia sist veke, saman med nokre andre folk. dei har vore heime nokre dagar, og det ser ut til å ha vore ein vellukka tur. mor mi har kjøpt med seg store mengder raudvin, medan far min har hamstra nok sjokolade for fleire veker framover.

viss nokon framleis er i tvil om turen var ein suksess, reknar eg med at desse bileta fjernar denne tvilen per omgåande:

piza. reiseleiaren prøver å forklara korleis ein kan stå for å få best mogleg bilete. dei som ser godt etter, kan sjå nokre luringar i toppen av tårnet. far min er ikkje blant dei.

milano. den årlege grisefesten tok heilt av då denne duoen framførte 'å leva det er å elska' på gulrotrasp og papirpose.

far min gjekk forresten i overskot på heimturen, då han vart omplassert på eit fly som gjekk via zürich. ikkje berre vart han kjend med to uvanleg store neper frå sørlandet, han vart òg vitne til at vegard ulvang kjøpte med seg ein del brennevin frå taxen på gardermoen, og han slapp å eta middag med onkl T.

6 kommentarer:

hovland sa...

rypa: lureri og lureri fru blom. Kven er det som har sagt at det er ulovleg å lage ein blogg og skrive inn kommentarar sjølv? Under "pseudonym"?

frode sa...

Det kan vera eit teikn på at bloggaren er litt forvirra. Det gjeld sjølvsagt også han andre som skriv her, kukola. Han gjer ikkje stort anna enn å henge ut av kontorglaset for å sjå om oppdikta innleggskrivarar syklar forbi.

Og "rypa" og "hovland", Alle skjønar jo at de er to nye pseudonym for kukola, slik som eg sjølv er.

guffen sa...

frode: eg trudde du var pseudonym for guffen?

frode sa... guffen sa... sa...

eg elskar internett! og bloggar!

OnklT sa...

Far din kan koka dei veggisbollane sine sjølv. Eller vegghizbollahne, som eg reknar med han kallar det. Der kan du sjå kva slags terroristtype han er.

Kirsti sa...

Jaja, hengt ut til spott og spe. Gratulerer!