12.10.08

TRENING

dei siste tre åra har mor mi ivra for at eg skal slutta med bleier. far min er relativt lunken også til dette, men det kan jo koma av at det er lenge sidan sist han tok ansvar på det feltet. diverre for mor mi har eg vore rimeleg lunken, eg òg, slik at framdrifta ikkje har vore til å ta og føla på.

no har ho rådført seg med kjennarar på feltet, som meiner at eg lettare kan lurast viss ho lokkar med store vinstar for kvart hekto som vert fanga opp av potta. ho har slite litt med å finna ut kva som kan vera lokkemat, mest av di eg har fritt spelerom i matbua heile døgeret. i andre hushald lokkar dei med sjokolade og teskeier med syltetøy; eg får begge delar kvar dag. eg har difor forhandla meg fram til ei ordning der eg får minst ti aksjar i ein islandsk bank for kvar gong eg har vore på potta. framtida er i boks.

4 kommentarer:

frode sa...

Er det ikkje nok motivasjon å sleppa å gå innsmurt med drit frå pungen til korsryggen?

guffen sa...

det kjem litt an på kva veg du tek. legg du vegen nordover, forbi termosen, opp magebakkane, over halsen og ned att på ryggen, bør motivasjonen vera sterk.

frode sa...

Den bleia må det vera far din som har montert på deg.

guffen sa...

er det bleier me snakkar om? eg trudde me snakka om den famøse spaserturen min, der eg vart innsmurt med drit, og måtte leggja ut på ein rundtur over kroppen til far min.