28.10.08

SVIKT

det ser pikerten ut til at all teknikken i verda er i ferd med å svikta. no er det visst vorte slik at viss ein skal leggja inn ein signert kommentar på guffebloggen, må ein gje opp ei nettadresse. slik har det ikkje vore før, og eg reknar med at dei tilsette på det lokale bloggekontoret skal få litt å tenkja på når eg melder frå til dei. inntil dei får skikk på dette problemet, må altså kommentatorane anten dikta opp ei nettadresse, eller skriva inn ei som alt eksisterer.

det har òg vore litt svikt i den daglege oppsedinga. mor mi står trygt på ein pedagogisk plattform, og har difor ikkje gjort nokon feil så langt, medan far min er litt lausare i snippen. fredag ettermiddag, medan ein pizza både med og utan purre stod til lunk i steikeomnen, gjekk me gjennom det vanlege turnprogrammet. utover kvelden vart eg litt ør i foten. eg rekna fyrst med at det skuldast for mykje pizza, men mor mi meinte at det var tull, sidan a) ein skal eta bra mykje pizza før ein får vondt i foten, og b) eg hadde som vanleg berre pirka i pizzaen, livredd for at det skulle dukka opp eit eller fleire purrefjon.

dagen etter var det så gale at eg rett og slett måtte liggja på sofaen ei stund. etter 48 urørlege timar merka far min at noko var gale, så me tok turen til dokteren. han knadde litt, før han sende oss heim att, og vips - berre nokre timar seinare kunne eg halta. etter litt perfeksjonering har eg no same ganglaget som ein tidlegare kollega av mor mi, i tillegg til at alle ungane i barnehagen har gjeve meg oppnamnet 'feisingen'.

4 kommentarer:

www.kukola.com sa...

Feising? Sikker på at det ikkje var Fjesingen?

Frode sa...

Har du arva tilnamnet av far din?

guffen sa...

www.kukola.com: ja, eg er sikker på at det ikkje var fjesingen. kjenner du ikkje uttrykket 'no feis eg ein feising i bliea'?

frode: nei.

kukola sa...

guffen: nei det uttrykket kjenner eg ikkje. Men eg har høyrd "No fjeste eg visst ein fjesing"