29.12.08

HENTESVEIS

jaja. den demokratisk tinglyste hentesveis-jola er så godt som over, og dei fleste sit vel att med ei kjensle av at dette ikkje var heilt som venta. gledeleg nok hadde fire av dei fjorten deltakarane prøvd å ta temajola på alvor, men det verka som om alle hadde bomma litt på skiva og vel så det. eg trur naden sette fingeren på problemet den dagen han trefte far min og onklT, og sa at begge to likna på aslak l. det var nok litt mykje måne og litt lite henting hjå dei fleste.

eg kan her, truleg som fyrste blogg på vestlandet, presentera nærbilete av dei fire deltakarane, og gjev samstundes ei kort vurdering av innsatsen deira. dei som har noko å leggja til, må gjerne gjera det.
kandidat A. mykje måne, ikkje noko henting.

kandidat B. lite henting, mykje måne. får pluss for den gradvise overgangen mellom hår og ikkje-hår.

kandidat C. klar overvekt av måne også her, men viser i alle fall litt vilje til henting, og dreg i land nokre plusspoeng for det.

kandidat D. omtrent like mykje måne som henting, men i mangelen på noko betre er eg redd for at denne må utropast til den mest vellukka.

25 kommentarer:

kukola sa...

Er det lov for tilsette i Aasentunet, Maallaget, ja målrørsla generelt å røyste?

guffen sa...

eg er litt usikker på kva det skal røystast på, men viss du tenkjer på dei særs interessante gallupane som av og til dukkar opp her, ville det undra meg viss folk som ikkje har eller har hatt noko med målrørsla eller aasen-tunet å gjera, eller som ikkje har eller hatt noko med tilsette i målrørsla eller aasen-tunet å gjera, var innom her for å røysta. så svaret er anten ja eller nei.

frode sa...

Er folkemusikkrørsla ein del av målrørsla? Eller er det meir korrekt å seia at målrørsla er ein del av folkemusikkrørsla? Kan vi i så fall stemme?

guffen sa...

folkemusikk har lite med mål å gjera. de får nøya dykk med å stemma munnharpene.

Anonym sa...

Bestemor seier at neste jul foresler ho ei normaljul, med pynting og småbrød og normal sveis.
Litt meir toppenbechifisering.Og spel og juleblad.

frode sa...

Er det lov å gisse på kven som er kven av kandidatane? Dei er veldig like, så det blir min santen ikkje lett. Eg trur kandidat A er Besten, og at B, C og D er brørne hans.

guffen sa...

anonym: ta deg ein bolle. sjølv om mor mi kjem frå ei slekt der det normale er idealet, er ei slik jol noko eg har vore med på minst to gonger for mykje.

frode: det er ikkje lov å gissa på kven kandidatane er. og besten har aldri høyrt noko om at han har brør.

frode sa...

eldre halvbrør?

kjesso sa...

Eg tykkjer det skulde gjevast bonuspoeng til dei som song pønkesongar frå sena med månesveis. Månepønk roolz.

kjesso sa...

Det meinar Svensken òg.

guffen sa...

det er vel slutt på bonuspoeng for reiser innanlands?

kukola sa...

Nei, eg trur det framleis er poeng å hente.

kjesso sa...

Ja her sit i alle fall poenga laust.

frode sa...

dei gode poenga er det verre med.

guffen sa...

det ville gleda meg dersom denne uventa og store interessa for poeng førte til ein ny kveik for nasjonalpostkassekåringa.

frode sa...

Postkasse nr. 10 har sigeren like sikkert i boks, som det er opplagt at håret ikkje kjem til å gro ut att på besten og halvbrørne hans.

guffen sa...

postkasse nummer 10 er vel kassert? ingen land det er naturleg å samanlikna seg med ville hatt ei kassert postkasse som nasjonalpostkasse.

frode sa...

dette er ei avsporing frå nasjonalpostkassejuryen. Kassa er ikkje kassert, men har fått ein ny heidersplass beskytta mot vêr og vind, slik det sømmer seg ei nasjonalpostkasse. Postkvinna veit utmerka godt at ho finn kassa lengst inne i garasjen.

Men eg gjev 10 poeng, ingen piong til halvbror nr. 2, for ein naturleg glatt isse.

kukola sa...

Kasse nr. 7: 4 poeng

guffen sa...

kukola: dersom det skulle lata seg gjera å gje poeng til nasjonalpostkassekandidatar i hytt og vær, ville heile nasjonalpostkassekåringa verka rimeleg useriøs. du kan berre røysta på meldinga der nasjonalpostkassekandidatane vert presenterte.

frode sa...

vel tala, guffen. han treng ein myndig hand, sjølv om han no truleg kan reise på honnørbillett på bussen.

guffen sa...

frode: du nyttar uttrykket "ein myndig hand". skal det ikkje vera "ein myndig hund"?

frode sa...

Eg veit ikkje. Det innlegget var som vanleg skrivi av Kukola. Denne gongen skreiv han t.o.m. med sjølvinnsikt.

kjesso sa...

Eg trudde det var med brunost.

kukola sa...

Kasse nr 2: o poeng.