24.12.08

JOL

hurra. endeleg er det jol. det viste seg at me ikkje fekk overnattingsgjester likevel - for nokre månader sidan melde besto at far min skulle overnatta hjå oss, men for tre dagar sidan hadde ho ombestemt seg. på ettermiddagen i går ombestemte ho seg igjen, men opna for at han kunne eta alle måltid og dusja og gå på do i huset deira. etter at han kom ombestemte ho seg endå ein gong, slik at no er alle gjestane stuva saman hjå besto og besten, medan me har ei rimeleg stor samling med ubrukte og oppreidde gjestesenger.

den siste folkerøystinga viste eit klart fleirtal for hentesveis-jol. det er knappe marginar her, så ikkje uventa har dei mest hårrike delane av slekta fått fleire spørsmål om dei kan avsjå ein liten lokk. me kjem høgst truleg attende med nokre gode blinkskot om ikkje mange dagane.

toppenbechifiseringa av jolefeiringa har i år spreidd seg til hushaldet vårt. mor mi har tilta heilt, og har til og med vaska badet. onklT er heilt samd med kukola, som hevdar at jol er opium for folket.

1 kommentar:

Anonym sa...

Det riktige er vel strengt tatt at eg har budd hjå dykk heile tida, men ete alle måltid, gått på do, dusja, sove, sett på TV og gjenge rundt jolatreet hjå besto og besten.