31.1.09

JOL

det er harde tider. eg ventar og ventar på eit høve der eg kan oppsummera jola på ein høvisk måte, men eg tenkte det var greitt å venta med det til naboane tok ned jolelysa frå ein av dei meir sentrale buskane i hagen sin. så langt har det ikkje skjedd, slik at det har vorte ein lei periode med lite blogging. heller ikkje denne gongen kvir eg meg sjølvsagt ikkje for å skulda på andre.

bortsett frå planlegginga av joleoppsummeringa har det skjedd lite. besten og besto tok turen frå nordmøre og var her nokre dagar, medan besten og besto her om dagen tok turen til jørpeland, så det går omtrent opp i opp.

me er òg inne i den tida på året når foreldra mine høgtidar tiårs-jubileum. i fjor var det onklT som stod for programmet, og han inviterte heile hushaldet med på ei veke på beitostølen. i år er det mor mi sin tur, slik at dagen vert høgtida med nokre gamle episodar av ally mcbeal. onklT og eg har heldigvis fått permisjon for å sjå ein ekstremt viktig fotballkamp saman med naden.

2 kommentarer:

Anonym sa...

"heller ikkje denne gongen kvir eg meg sjølvsagt ikkje for å skulda på andre."

Meiner du det som står her, eller meiner du at du plar skulda på andre?

guffen sa...

det skulle teke seg ut om eg ikkje meinte det eg ikkje hadde skrive. så ja, svaret er nei.