17.1.09

SJUKDOM

for nokre dagar sidan melde eg at mor mi og onklT gassa seg med ei årgangs-napoleonskake. det må ha vore ein del mutasjonar i den, sidan eg og fem på sjuo har slite med termometer og det som endå verre er heile veke, medan dei to napoleonskakeetarane har drive på som om ingenting har hendt. og det har det vel heller ikkje, viss ein tenkjer retteleg nøye etter.

kjesso har etterlyst ein analyse av dei tragiske hendingane som førte til at drillo vart trilla ut som ny landslagssjef. eg har vondt for å sjå at det kjem slike analysar, sidan eg veks opp i ein familie der det er lita fotballinteresse. fem på sjuo drit stort sett i alt, inkludert fotball; mor mi er mest oppteken av at spelarar berre kan spela frå eit lag som held til maksimum tre kilometer frå fødestova der dei vart fødde (trass i at besto var sånn omtrent samd); og onklT tenkjer så mykje på franske fotballspelarar at han gjev ein god ein i korleis det går med landslaget.

likevel kan eg ikkje fri meg frå tanken om at den viktigaste grunnen til at snåsamannen skal slutta med å lesa kaffigrut, er at han skal få ei sentral rolle i kabalen drillo skal bruka når han byggjer apparatet sitt. og då kan det jo henda at landslaget vert interessant igjen.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Ja, dette var jo det folket ville ha.

Anonym sa...

Skal Drillo bruka ein kabal til å byggja eit apparat? Nei no gjev eg meg yver.

Anonym sa...

trur du snåsamannen kan gjera eit unntak for far din?

mor di har visst prøvd å kontakte snåsakallen for å få far din til å bli meir normal: du veit - eta kjøt, kle seg fint, kutte ut den ironiske 80-talshumoren osv.

guffen sa...

slik eg har skjønt det, er mor mi meir oppteken av onklT.