28.4.09

SOFTIS

onklT og eg ferierer i førde, den suverent største byen i sunnfjord. ein skal ikkje vera lenge i førde før det melder seg nokre spørsmål. kan dette til dømes vera einaste staden med trafikkljos i heile fylket, bortsett frå ljoset inne i ein tunnel på vikafjellet?

eit langt viktigare spørsmål melder seg når ein spaserer forbi narvesen på busshaldeplassen. her vert det hevda at dei har "byen's 'beste' softis", og på eit relativt heimelaga banner utanfor butikken melder dei at dei så langt i år har selt 4874 softis. i 2008 selde dei 23768.

slik eg reknar, vart det selt 65 softis kvar einaste dag i fjor. servitøren fortalde oss at dei ikkje sel softis heile året, slik at det truleg er snakk om rundt 100 softis kvar dag. eg anar ikkje om dette er bra eller dårleg, men reknar heller ikkje med at det er spesielt truverdig.

13 kommentarer:

frode sa...

I Førde, ja. Kva gjer du der? Smir nye renker i den store planen der Helleve / Søyland tek over nynorsk-noreg? Eg er opprørt over at Noregs Mållag kunne velje Aud Søyland, ein nær slektning av kukola, NT-"redaktøren" til nestleiar. Dette blir maktsamrøre.

guffen sa...

målet er vel heller å ta avstand frå dette hellevianske samrøret med søyland-greina. kukola gjer stort sett som han vil, men akkurat her trur eg han har gått over grensa.

kjesso sa...

Det luktar avundsjuke lang veg.

kukola sa...

he-he.

Kjartan Helleve, Noregs Mållag sa...

Som eit malapropos kan eg fortelje at landsmøtehotellet kunne skilte med softis inkludert i prisen. Skal ikkje sjå vekk i frå at det hadde ein viss påverknad på valet av nestleiar.

frode sa...

så du nektar ikkje for au har eit forhold til nestleiaren? Dette skal koma den konkurrerande målorganisasjonen for øyra.

guffen sa...

kjartan helleve: kva pris var softisen inkludert i? årets nynorskbrukar-prisen?

kukola sa...

he-he. forhold? au-au. he-he.

Kjartan Helleve, Noregs Mållag sa...

Stemmer. Som ein del av prisen frå Aasen-tunet, så kan vinnaren når som som helst reise på hotellet på Økern og hente seg gratis softis.

kjesso sa...

Billemann og Bollemann var ute og gjekk.

Så sa Billemann:

- På Økern er det gratis softis.

Så sa Bollemann:

- Grat-is eller soft-is?

rypa sa...

Alle førdianarar lyg.

guffen sa...

ryp: softismannen var frå gaular.

i dag trefte me forresten syster til søyland, på ein skule me sykla forbi. ho nemnde, interessant nok, ikkje helleve/søyland-samrøret med eitt einaste ord. mistenkjeleg, og vel så det.

kukola sa...

he-he.