12.4.09

TO

påska er over, og det er vel like greitt. det var ikkje langt mellom høgdepunkta, men det gjeng an å leva i kvardagen òg. me var på to skiturar - den eine gongen sat eg i meis, den andre gjekk eg nesten 200 meter. slik er det når ein har litt av kvart å slekta på.

kvart over åtto fylte to år skjertorsdag, og på festen møtte det opp noko for einkvar smak. gåvebordet var ikkje akkurat overfylt, men så lenge han som budde i huset før oss kom med ein såpass smakfull presang, gjorde det ikkje noko at mange andre skuffa. det går vel fram av biletet kva han som budde i huset før oss hadde med seg - ein tamburmajoruniform, komplett med tromme.

10 kommentarer:

kjesso sa...

Påska er ikkje over, din moltekorv, det er andre påskedag i dag.

guffen sa...

påska er over når onklT seier påska er over.

kjesso sa...

Veit paven dette?

guffen sa...

no vart eg litt uroleg - er du vaken både klokka 05.00 og klokka 12.07?

viss eg greier å halda dette ordskiftet gåande til i morgon, har eg i alle fall rett.

kjesso sa...

Då er det nok greiast at eg gjev meg no.

guffen sa...

til lukke - kanskje det mest innsiktsfulle innspelet på guffebloggen så langt.

kukola sa...

Kva påske er det snakk om? Sist eg var i Jerusalem, var det tre på red: jødane, dei kristne og til slutt dei ortodokse.

Kjartan Helleve, Noregs Mållag sa...

Frode: Det var ein som kommenterte at ho som var innom med papira frå Valdres var søt.

frode sa...

Dette kjenner eg ikkje til, har eg sagt. Men var ho frå Valdres, var ho truleg søt.

kukola sa...

Whatever. Er det nokon som veit om det er lenge til Pinse? Lurer jammen på kva slags feiring det kjem til å bli.