8.5.09

LIVET

livet kan by på mange harde slag. verst er det truleg for dei trugne arbeidskarane, som traust og trøysteslaust legg ned mange arbeidstimar i sur blest og kaldt ver og lei vind, dei som ikkje kvir seg for å ta i eit tak ekstra der det strengt teke ikkje trengst. rundt omkring i landet står det mange tause minnesmerke etter desse heiderskarane, som oftast var ute av stand til å skriva namnet sitt, og som heller ikkje greidde å lesa det dei ikkje hadde skrive.

i orkanen i dag gjekk eit slikt minnesmerke i bakken. mange av naboane tok ein pause då dei gjekk forbi på vegen, og bøyde nakken stilt medan dei i sitt indre tok farvel både med minnesmerket, og han som ein sommar i førre tusenår brukte to-tre ettermiddagar på å høvla av litt bork histen og pisten. alt som står att etter vedkomande no, i alle fall på vestlandet, er ein halvferdig spikka einhjørning (ein halvhjørning?) i eit gamalt sel langt til fjells. så akkurat no er det kanskje mest rettvist at alle reiser seg, kremtar ein par-tre gonger, og ropar tre gonger tre hurra for kukola.

12 kommentarer:

kjesso sa...

Den var vel så ny at ikkje garantien var gått ut enno.

guffen sa...

kan du skriva den setninga ein gong til, med ordet 'ikkje' litt betre plassert? det er råd ikkje å skjøna kva du meiner.

kukola sa...

Eg visste det! Eg visste det! Odelsguten har knapt vore sjef i fire månader og kva hender?!

PS. Det høyrer med til historia at eg, det må vel ha vore den andre ettermiddagen, ringte ned til far til guffen og så at sidan dette tross alt var eit fellesprosjekt, så var det urimeleg at eg skulle gjere alt arbeidet. Så far til guffen måtte ta den lange vegen til Melve, spikka i tjue minutt og meinte seg ferdig og reiste att. Så det vart nokre ettermiddager til, inkludert måling.
Aldri meir 8. mai, seier no eg.

kjesso sa...

Den var vel så ny at garantien var gått ut ikkje enno.

guffen sa...

far min budde i tromsø på den tida, og kan ikkje lastast for manglande kvalitet på flaggstonga.

frode sa...

korleis skal de no få flagga for mgp-vinnarane frå valdres?

guffen sa...

på halv stong.

frode sa...

Det er høveleg, iom at det på ein måte er eg som vinn mgp, sidan eg hadde hallgrim hansegård på hallingkurs då han var 12 år.

kjesso sa...

Ulike folk prioriterer å halda kjeft om ulike ting.

guffen sa...

uventa kloke ord frå kjesso. og kven er hallgrim hansegård? eg trudde han grand prix-humlepungen heitte aleks?

frode sa...

jf. tidlegare melding heiter humlepungen altså frode, i.o.m. opplæringa i 12-årsalderen. aleks?

guffen sa...

heiter hallgrim frode? eller aleks?