1.5.09

TOG

som vanleg høgtida me fyrste mai med å marsjera litt. i dag var besten med, og me marsjerte ein liten tur i skogen. fem over halv åtto såg litt færre dyr i dag, men såg i alle fall restar av avføringa til ein tiger.

omtrent halvveges i ein vel fortent matpause drog besten fram ein tollekniv han kjøpte på butikken til mora-nisse på slutten av syttiåra, reiv ned ei halvgamal selje, og trylla fram litt ulike instrument. me marsjerte litt til, medan me spelte 'internasjonalen' etter beste evne.

besto var ikkje med på marsjeringa. ho fann i staden fram nokre reine klede som ho hengde ut på turkestativet, slik at alle naboane som køyrde att og fram med traktor ikkje skulle mistenkja ho for å sympatisera.

24 kommentarer:

frode sa...

vi flagga og spreidde møk, for å syne alle at vi både har budd lenge i byen, samstundes som vi er ein del av bygda.

guffen sa...

Viss de brukte flagget til å spreia møk, er det ein kanonidé me kjem til å vidareføra.

kjesso sa...

I går vart eg presentert for ei kvinne som viste seg å vera lesar av guffebloggen. Det skjedde framanfor Parkteateret i Oslo.

kukola sa...

Berre flagg og møk, der og.

kjesso sa...

Ikkje berre.

guffen sa...

hm. viss kvinner les guffebloggen, bør eg kanskje leggja om til rosa dekor langs kantane.

rypa sa...

Ja.

guffen sa...

hm. kanskje dei kvinnelege lesarar kan dra seg til pisis.

Ein kvinneleg lesar av guffebloggen sa...

No vart det litt for rosa sjølv for meg.

guffen sa...

yeah right. ein kvinneleg guffeblogglesar som står opp klokka sju på ein sundag. nice try, frode.

kukola sa...

Eg les det som eit spark til KrF. Dessutan er det lett å sjå bileta på denne måten.

guffen sa...

hm. viss krf les guffebloggen, bør eg kanskje leggja inn nokre læresveinar langs kantane.

rypa sa...

Nei.

guffen sa...

kva med nokre farisearar?

Ein annan kvinneleg lesar av guffebloggen sa...

Det vart litt for rosa for meg òg.

guffen sa...

endå ein kvinneleg lesar? dette vert meir og meir surrealistisk.

kukola sa...

Anar eg konturane av ei røysting om bakgrunnsfargen? Om du kallar det kåring av Nasjonalbakgrunnsfarge, så vil sikker Folkemusikk-Frode røyste eit par-tre gonger, og han vil sikkert flette inn sine vanlege kommentarar om at han er misforstått og ignorert. Men om du legg inn ei hardangerrose eller noko, så blir han sikkert nøgd.

Anonym sa...

Som den omtalte Parkteaterkvinne må jg bare si at jeg aldrig har savnet rosa. Derimot har jeg fått høre at jeg er litt for glad i blått.

Frode sa...

Eg fremjar med dette Kukola som kandidat til Fritt ord-prisen. Han er både meir uredd og usakleg enn Nina Karin Monsen. Han har ytra seg hensynslaust og Frode-fiendtleg, utan grunn, i fleire innlegg.

Når dette er sagt, vil eg gjerne få stemme på farga grøn som ny nasjonalbloggfarge.

kjesso sa...

Ei urovekkjande utvikling i avrøystinga. Held det fram på dette viset, vert eg nøydd til å juksa att slik eg gjorde i joleavrøystinga.

Ikkje at det hjelpte hanekamjola til siger, men.

kukola sa...

Takk! Eg kan i utgangspunktet ta i mot kva pris det skal vere. Men eg denne tek eg berre i mot om Frode returnerer sin Brannfakkel-på-Brannfakkel-pris, si gullmedalje for fremje av nett-vett og trøystepremien på 1 km langrenn han fekk i 9-års alderen.

guffen sa...

frode fekk òg nestbestemannsprisen i freestyle-dansing på landskappleiken i 1997.

frode sa...

den har eg levert tilbake.

vil også gjera merksam på at eg er førebiletet til mgp-frikar.

guffen sa...

berre viss du reknar sixpence og lusekufte som frikete klede.